Du syng, speler langeleik og lagar musikk med utgangspunkt i folkemusikktradisjonen frå Valdres. Kan du seia noko kort om kva som karakteriserer desse tradisjonane? 

 

– Folkemusikken i Valdres er, som tradisjonar flest, både prega av det svært lokale, med tradisjonsbærarar som har spelt og sunge i sitt grendelag og sin heim, men også av alle songar og slåttar som har kome rekandis på ei fjøl frå andre delar av Noreg og verda elles. Via taterar, soldatar, prestar, smørseljarar og andre omflakkande sjeler har tonane slått seg ned i minnet hjå til dømes ein bonde i Vang eller ei bakstedeie i Beito. Og deretter fått sitt eige «valdriske» særpreg gjennom hundreåra. 

 

Mange kjenner deg sikkert godt frå Sudan Dudan, duoen du har med Anders Røine. Er du overraska over kor stort nedslagsfelt de har fått? Tuva Syvertsen gjekk til dømes nyleg ut og valde Sudan Dudan som den store inspirasjonen sin innan musikken – var det ein ros du kunne ta til deg? 

 

– Fantastisk hyggeleg med slike ord, ja! Det har vel alltid vore arbeidet med musikken og tekstene som har stått i fokus for Anders og meg. Men me har nok hatt ein plan om å vera så musikalsk utadvendte med Sudan Dudan som det er mogleg for to nærsynte arkivnerdar som oss. Tilgjengeleggjera folkemusikken utan å gå på akkord med vår eigen smak kanskje. Så då er vel nedslagsfeltet deretter, me slår sikkert ganske breidt ned blant særingane, hehe.

 

Til neste år feirar Sudan Dudan 20 år som duo, sjølv om de først debuterte på plate i 2006. Er du overraska over at de har halde på så lenge – og kor mykje musikk har de enno i dykk som prosjekt, trur du? 

 

– Tida går fort, det er sikkert. Me har haugevis med materiale å ta av, og er i konstante indre diskusjonar om kva nye retningar me skal ta, eller om me berre skal halde på omtrent som før. Det neste som skjer er i allefall at me skal ha med oss Sondre Meisfjord og Hans Hulbækmo på eit prosjekt til våren, så då blir me ein kvartett som me var med Kristine Valdresdatter.

 

Du har vakse opp i Oslo og Drammen, medan Anders er frå Grorud. Kom de lett til folkemusikken, eller måtte de leita den meir opp? 

 

– Anders og mine foreldre var gode vener og gjekk mykje i Valdreslaget og Laget for folkemusikk. Fedrene våre spelte hardingfele og munnharpe, så me vart nok utsett for mykje folkemusikk frå barnsbein. Så har me vel tatt til oss litt ulike musikkuttrykk frå andre genrar gjennom oppveksten. Men folkemusikken var der kanskje først?

 

Du har òg spelt mykje med Frank Rolland – og skal opptre med han og Sigbjørn Apeland på den kommande julekonserten. Kan du seia noko om denne konserten – og kva er ditt eige forhold til jula og julemusikken? 

 

– «Julegjest» er første konserten i ein førjulsturné med nyinnspelt musikk, så det blir spennande. Eg gler meg veldig til å spela med Frank og Sigbjørn som er så samspelte og gode etter mange år i musikkens teneste. Eg har plukka ut og arrangert nokre fine advents- og julesalmar frå Valdrestradisjonen, med røter attende til 1600-talet, altså litt andre variantar enn dei som er vanleg å synge i dag. Så svingar me innom eit par nyskrivne songar og eit par gamle juleleikar med litt dansedriv i seg.

 

– Jula rommar mange kjensler og opplevingar gjennom livet, på godt og vondt. Det er slutten på noko, og starten på noko. Det nye barnet, det nye håpet, det nye året. Fest, tradisjon, religion og ettertanke, eit rikt bakteppe for musikk av alle slag.

 

På programmet denne hausten står òg noko som heiter Folk Sessions Vokal – kva er rolla di i det? 

 

– Eg skal arbeide med eit trioprosjekt i lag med to unge utøvarar frå Valdres, Ingrid Lingaas Fossum og Ingeborg Onstad. Me skal fordjupe oss i songane etter tre gode arkivkjelder frå Øystre Slidre, og arbeide fram ein konsert som får premiere i 2023. Alle tre både syng og spelar langeleik, så det blir kjekt å sjå kva me får ut av det!

 

Har du sjølv drive mykje med opplæring og undervisning? Og kven betydde mest i di eiga utvikling? 

 

– Eg har arbeidt som distriktsmusikar og kulturskulelærar, og har hatt mykje undervisning og opplæring i samband med dette, i song, langeleik og dans. Det var foreldra mine som opna den folkemusikalske skattekista for meg, så dei har utan tvil vore dei viktigaste. Eg song i kor og spelte piano i musikkskulen i oppveksten, og lærde vel noko av det også. Sia har eg lært aller mest av alle dei gode musikarane eg har arbeidt i lag med, og av møtet med tradisjonsbærarane, både dei levande og dei arkiverte. 

 

Du var tidleg med i vokalgruppa Dvergmål – og har òg fått mykje ros for innsatsen din innan folkedans. Trur du det har vore bra for deg å nærma deg folkemusikken og folketradisjonane frå ulike innfallsvinklar, inkludert meir scenekunst-baserte prosjekt? 

 

– Absolutt, eg har lært mykje av å kaste meg ut i alt eg ikkje kan, i mangel av musikkutdanning. Og eg må få takke dei som har gjeve meg sjansen til å vera med på ulike prosjekt, høve til å arbeide i lag med så mange gode musikarar og dansarar. Eit godt døme på det er jo Riksscenen – som byr på ein eineståande folkemusikalsk tumleplass, og så mange fine møte, folk i mellom.

 

 

 Marit Karlberg er i likhet med Rasmus Kjorstad Husvarm på Riksscenen høsten 2022, med tre konserter i tre forskjellige konstellasjoner: Mer info her

Arvid Skancke-Knutsen

Arvid Skancke-Knutsen