Eg er Frid.

Namnet mitt betyr fager, vakker eller fred. 
Men eg er ikkje fager, eg er fæl.  
Eg er ikkje fred heller, eg er ufred, bråk og leven. 
Vil de likevel vere med meg på ei reise? 
Kom, da. Kom. Kom! 

 “Frid i skogen den grøne” er eit nyskrive eventyr av den kritikarroste forfattaren Sigmund Løvåsen og handlar om å reise eller flykte bort frå seg sjølv i søking etter noko anna enn det ein kjenner, på leit etter fellesskap og venskap. Forestillinga er ein samproduksjon mellom Margit Myhr og Riksscenen og har urpremiere på LilleRIKSEN. 

Har de nokon gong ridd på ein daud elg som brasar gjennom tett granskog så kvistane slår dykk i andletet, spindelvevet klistrar seg til armane dine og vinden bles håret ditt rett ut? Nei? Tenkte meg det. Eg er Frid i skogen den grøne, Frid fri som fugl.

Margit Myhr – skodespel, dans og song,  Sigmund Løvåsen – manus, Jimmy Meurling – regi, Helga Myhr– komponist og musikar, Monica Valsø – scenografi, kostyme og plakatdesign