Med flagget til topps går Majorstuen inn i sitt tjuande år som folkemusikalske felekameratar. Leiken, formidlingsvilja og nytenkinga har vore bandet sitt varemerke gjennom heile karriera og dette spissar dei ytterlegare i nyproduksjonen og albumet «JUBEL».

 Folkemusikkbandet si eventyrlege reise har tatt dei til nærare tjue land verda over. Alt frå skulekonsertar og gatespeling i Aserbadjan, kyrkjekonsert i Canada, ærverdige «Théâtre de la Ville» i Paris, med båtbil til Tatihou i Normandie for tusen publikumarar, men og for tjue lyttarar i ei tømmerstove i Østerdalen. Ein Spellemannpris og sju tidlegare album står også på merittlista. Vilja til å vinne og finne nye folkemusikkhjarte og gleda over feleleiken har gjort at Majorstuen stadig har funne nye vegar og uttrykk, til glede og inspirasjon både for miljøet elles og sitt publikum. 

 Med «JUBEL» vil bandet kome tett på publikum, og sjarmere dei med sin karakteristiske Majorstuen-stil, med humor, show og tempo, men også kjensleladde musikalske sjatteringar. Fem solistar finn i hop og stikk seg fram kvar sin gong, kvar med sitt lynne og temperament. Kor dei er bak neste sving veit dei knappast sjølve!

 Jorun Marie Kvernberg - fele, Synnøve S. Bjørset - fele, Tove P. Hagen - fele, cello, bratsj, Bjørn Kåre Odde - fele, bratsj, Anders Löfberg - fele, cello