Denne kvelden er det duka for ein solokonsert av det sjeldne slaget. Kristen Odde er ein tradisjonsspelemann frå Garmo med eit felespel og eit repertoar som få kan matche. Han har ein klår og briljant tone i fela, og takta og rytmen har han heilt klart arva etter far sin, Bjørn Odde. Ein annan viktig inspirasjonskjelde for Kristen har vore storspelemannen Knut Kjøk, også frå Garmo. Saman med tvillingbroren Johannes har Kristen frå tidleg alder vore svært aktiv på kappleiksscena, og på Landskappleiken på Voss i 1991 vann han fele klasse A. I 1998 gav han ut eit album saman med far og sysken – «Bjøynn og bjøynnongein» - og året etter vann dei open klasse på Landsfestivalen. Dei siste åra har han vore sjeldnare å sjå på scena, så det er difor ei stor glede for Riksscenen å kunne presentere «springleikje» og andre slåttar med Kristen Odde!

Kristen Odde – fele