Knut kjem frå ein lang familietradisjon innanfor folkemusikk og folkekunst, ein arv han har både vidareført og vidareutvikla gjennom ord, tonar og folkekunst.

Knut er blant våre beste og høgst dekorerte spelemenn. Det kan nemnast at han er statsstipendiat frå 1989, og at han vart slegen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999. I tillegg har han vunne Spellemannprisen to gonger og motteke ei rekkje prisar og utmerkingar. Knut Buen er professor ved Norges Musikkhøgskole i fagseksjon for improvisert musikk, jazz og folkemusikk.

 

Knut Buen – hardingfele