Riksscenen nyproduksjon
05
lørdag
04
mai 2019
Dørene åpner 17.00
Starter 18.00
Billett 100

Fokus Valdres

MARIT KARLBERG

Du har nok høyrt Marit Karlberg før, ho er den nydelege stemma i duoen Sudan Dudan. På Riksscenen har du altså høve til å høyre ho heilt solo som Fyrispel til programsleppet til Hilmestemnet.

Marit er frå Øystre Slidre i Valdres og ein av våre fremste tradisjonsberarar av den vokale songskatten i dalføret. I tillegg til å synge fantastisk, trakterer ho langeleik på høgt nivå og kombinerer også desse to uttrykka på meisterleg vis. Både stemma og langeleikspelet har me blitt kjend med gjennom dei fire platene til duoen Sudan Dudan og filmmusikken til Kristine Valdresdatter. Marit har også gjeve ut soloplata "tre ord te de" i 20013 og var medlem av vokalgruppa Dvergmål som gav ut to plater tidleg dette århundret.

 

Marit Karlberg - vokal, langeleik

 

#4320577