Riksscenen nyproduksjon
05_03-kopi_tif
fredag
03
mai 2019
Dørene åpner 19.00
Starter 20.00
Billett 250/200

Fokus Valdres

Ette´Tølleiv - ein minnekonsert

"Ette' Tølleiv. Ein minnekonsert" er basert på ei av dei beste folkemusikkutgjevingane gjennom tidene, "Feletona oppunde Bitihødn", som Torleiv Bolstad (1915-1979) spelte inn i 1977.

Det fargerike spelet og den drivande dansetakta, den såre undertonen og på same tid det livsbejaande spelet, har vore til stor glede for mange.

Tølleiv var også samlar, inspirator og læremeister både innan dans og spel. Han var nok ingen typisk tradisjonalist, men dyrka nok utvikling gjennom levande tradisjon, noko som gir personleg rom også for nye folkemusikarar- og dansarar.

På konserten vil de møte Sindre Tronrud, Ådne Kolbjørnshus, Henning Andersen, Ole Aastad Bråten, Kjellbjørn Karsrud, Stian Roland, Tone Voldhaug, Sivert Holmen, Silje Onstad Hålien, Laura Ellestad, Frank Rolland, Magne Olav Selland, Marit Karlberg, Håkon Asheim og Ragnhild Biribakken som representantar frå eit heilt miljø.

I takksemd.

 

#4320577