Også Aasmund Olavsson Vinje var liten ein gong. Han passa på den blå bukken sin så godt han kunne, men Blåmann forsvann oppi ura der ein stad, og Aasmund gløymde det aldri. Kanskje var det lengten som gjorde at han strøymde over av ord, dikt og engasjement resten av livet? To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar med nye tonar til Vinje sine gamle ord. For store og små målar dei fram små historier om kven denne kunstnaren var, og kva han hadde på hjartet.


Jorun Marie Kvernberg – komponist, fele, hardingfele, song
Unni Boksasp – song
Dag-Filip Roaldsnes – piano, song
Daniel Herskedal – tuba
 

Manus ved Fridtjov Urdal og Tore Nysæther, medan Tore Nysæther har stått for regi og scenografi. Verket er støtta av Norsk kulturråd og tinga av Førdefestivalen i samarbeid med Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane.