Riksscenen nyproduksjon
Alasdair Roberts og Völvur
fredag
08
feb. 2019
Dørene åpner 20.00
Starter 21.00
Billett 220/175

HANS P. KJORSTAD

ALASDAIR ROBERTS OG VÖLVUR

Songaren og gitaristen Alasdair Roberts er ein av Skottlands mest toneangivande folkemusikarar og har gjeve ut eit titall plater i eiga namn, dei fleste på det høgst kredible Chicago-baserte plateselskapet Drag City. Hans siste utgjeving kalla «What News» vart mellom anna omtala som «tiårets plate» av den legendariske engelske songaren Shirley Collins.

No møter skotten eit band med magiske musikantar leia av månadens artist Hans Kjorstad til ein konsert beståande av skotske ballader, sine eigne songar, samt ein og annan coverlåt. Det vert som om to bølgjer av godlyd sler mot kvarandre midt uti Nordsjøen, dei sildrande tonane frå denne gjengen vil garantert både begeistre og forbløffe deg!

Sjølv seier Kjorstad følgjande om samarbeidet:

 «Vi er ein generasjon musikarar som er sterkt inspirert av både improvisasjonsbasert musikk og tradisjonell musikk. Sjølv har eg stundom kjent meg litt åleine med å inneha denne interessa, men saman med desse folka, som både er mine vener og musikalske førebilete, er eg heilt trygg. Instrumentalistar som vi er, har vi lett for å strekkje musikken mot upløgd mark. Resultatet vert ofte abstrakt og ikkje direkte lettvint å knytte opp mot dei store kjenslene. Difor ville vi samarbeide med ein skikkeleg songar. Då denne moglegheita dukka opp var Alasdair Roberts den fyrste songaren eg tenkte på. Han spelte sist i Noreg under Motvindfestivalen i 2017. Alasdair er med sitt jordnære men delikate røyst og genuine interesse for tradisjonen alt vi kan drøyme om når det kjem til formidling av songar. Han er fantastisk, rett og slett.»

 

Alasdair Roberts – vokal og gitar
Hans P. Kjorstad – feler og fløyter 
Marthe Lea – saxofon, klarinett og fløyter 
Andreas Hoem Røysum - klarinett og gitar 
Fredrik Rasten – gitar
Egil Kalman – bass og modulær synthesizer 
Hans Hulbækmo – trommer

 

#4320577