For 200 år sidan var Gausdal og Fåberg/Lillehammer sentrale områder for den datidige motemusikken. Her var det eit yrande musikkmiljø som engasjerte både «fiffen og folket». Musikken har levd vidare gjennom notenedteikningar, erindringar og ei og annan spelkvinne- og mann. Når ein går inn i materialet er det altfor mange gode melodiar og spanande historier til å la dette materialet ligge ubrukt. Det er på tide å lyfte fram arven etter Tronn Tråver, Jonas Elg, Bræin og Hagehaugen.
Nina Fjeldet (fele/oktavfele), Camilla Granlien (song), Johannes Selvaag (fele) og Mari Skeie Ljones (fele) har rotta seg saman for å spele hitane frå heimbygda. Det er friske polkettar, vakker salmesong, suggererande springdanser, sjølvironiske stev og fine feiarar. Det er menuetten som fiffen dansa i ballsalen medan bygdafolket stod utanfor vindauget og kikka, og det er rundvalsen som gjekk i husmannsstova. Det var bygdespelmannen som var bindeleddet, og det er han som er vår helt.

Nina Fjeldet – fele/oktavfele, Camilla Granlien – song, Johannes Selvaag – fele,  Mari Skeie Ljones – fele