Riksscenen nyproduksjon
10
torsdag
11
okt. 2018
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 200/130
10
Flottorp/Solberg

SYMBIO, FLOTTORP/SOLBERG

Symbio

Det er eit drøymande, groovy og viritoust musikklandskap den relativt nye duoen Symbio tek oss med til når dei fyrar opp dreielira og trekkspelet sitt. Dei to musikarane er utdanna ved Royal Academy of Music i Stockholm og Sibeliusakademiet i Helsinki, så sjølv om karane er unge og duoen fersk er det særs røynde musikarar me har med og gjera. Symbio vart kåra til Årets Nykomar under Folk- & Världsmusikgalan 2016 utan å ha gjeve ut ein einaste låt.

Johannes Geworkian-Helman – dreielire, Larsemil Öjeberget – trekkspel

 

Flottorp / Solberg

Med hardingfele og gitarar spelar Johanne Flottorp og Åsmund Solberg slåttar frå Agder og Telemark på ein iøyrefallande måte. Samspelet er basert på premissane slåttane legg, men med fridom til å tolke musikken breitt. Det er viktig for duoen å spele både meditative gangarar i fri flyt og stramme slåttar med unisone parti. Og Flottorp/Solberg spelar brureslåttar så vel som danseslåttar. Felles for all musikken deira, er at slåttane kan bli spelt solo av begge utøvarane. Med dette lagt til grunn står begge godt i tradisjonen, samstundes med at dei tør å gå nye vegar og utfordre det kjende. Johanne Flottorp og Åsmund Solberg møttest på musikklinja på Dahlske vidaregåande skule i Grimstad. Der byrja dei å spele i band saman, og sidan den gong har dei hatt jamlege samarbeid. Men det er først dei seinare åra at dei har bygd seg opp eit solid repertoar som duo og opparbeidd seg mykje konserterfaring frå scener rundt om på Sørlandet. Dette er den første konserten deira i hovudstaden.

Johanne Flottorp – fele, hardingfele, vokal, Åsmund Solberg – gitar

#4274474