“Genius is an overused word, but it sits lightly on the shoulders of Galwegian accordionist and tune composer Máirtín O’Connor...His impish, quizzical style is as distinctive as a fingerprint.” – Irish Times

Tre av dei største irske folkemusikarane, Máirtín O'Connor, Cathal Hayden og Seamie O'Dowd, kjem og feirar St.Patricks Day med oss på Riksscenen!

Mairtin O´Connor Trio har spelt saman sidan 2001 og har i dei åra utvikla eit samspel, i ordets rette forstand, det luktar svidd av! Når dei tre legendariske musikarane kjem saman oppstår ein heilt spesiell energi, eller synergi om du vil, som løfter både dei sjølve og publikum til nye høgder. Den viritouse trekkspelaren Mairtin og fele- og banjotrollmannnen Cathal får saman med gitarist og vokalist Seamie utforske musikk i både moderne og innovative former, men utan å miste fotfestet i tradisjonsmusikken.

Máirtín O'Connor (torader) kjem frå Galway i Ireland. Han byrja og spela i niårsalderen og sidan den tid har han ei strålande solokarriere samt at han har spelt med grupper som Skylark, Midnight Well, De Dannan and The Boys of the Lough. I tillegg vart han verdskjend då han var ein av hovudmennene bak musikken til den fyrste runden med Riverdance.

Cathal Hayden (fiddle, banjo) treng ikkje nokon introduksjon til dei som er kjende med irsk tradisjonsmusikk. Han er fleire gonger All-Ireland Champion på både fele og banjo og var ein av grunnleggjarane og turnerte verda rundt med gruppa 4 men and a dog.

Seamie O'Dowd (gitarer, vokal) og hans musikalske evner har blitt stadig meir kjend på internasjonalt nivå de siste årene. Med røtene djupt i Sligos tradisjonelle musikk har han spelt i mange sjangere av akustisk og elektrisk musikk. Han turnerte verde rundt i ei årrekkje tradlegendene Dervish frå nettopp Sligo og har nyleg spelt både i heim- og utland med Liam O'Flynn, Matt Molloy og Mary McPartlan.

Ta gjerne med instrument, det ligg an til ein lang irsk session på Riksscenen etter konserten!