To av meistarane på hardingfele møtest til musikalsk møte “Tett på” både kvarandre og publikum denn sundagen. Med djup respekt for både musikken og kvarandre kjem Anne og Håkon til å levere både solospel frå Telemark og Sogn samt noko samspel m.a. i tradisjonen etter komponisten Eivind Groven. Etter konserten vert det som vanleg ein prat ala bokbadet med Ola Bø som framleis leitar ettar svara på dei store spørsmåla i folkemusikken.

Anne Hytta (f. 1974) er spelekvinne frå Sauland, busett i Oslo. Ho er kjent frå gruppene Aurora Borealis, SYM og Kalenda Maya og dei siste åra frå Slagr. Som soloartist på hardingfele har ho motteke Folkelarmprisen for både Dag, kveld, natt (2006) og Strimur (2017). Hytta jobbar på tvers av både musikalske og geografiske grenser, noko som blant anna har ført til plateprosjekta Tokso (2010) og Padik: Music from Baluchistan (2013).

Håkon Høgemo (f. 1965) er folkemusikar og førsteamanuensis på Noregs musikkhøgskole i Oslo. Høgemo har vunne både Landskappleiken og Spellemannprisen to gonger og er artist eller har medverka på godt over 50 utgjevingar. Sidan 1992 har han spelt i trioen Utla med Karl Seglem og Terje Isungset. Han er òg kjent frå gruppene Slåttetrioen og Gamaltnymalt.

Anne Hytta – hardingfele
Håkon Høgemo – hardingfele