«Finland’s wild man of the jouhikko (bowed lyre) … dark swamp-blues grooves, his gnomic, Incredible-String-Band-paralleling vocals leading a massed chorus in a steamy, punky extension of the runo-song tradition». – fRoots

Pekko Käppi er ein visjonær finsk folkemusikkomponist, songar og jouhikko-spelemann. Han revolusjonerte standarden for å spela på det gamle finske instrumentet jouhikko (finsk lyre) ved å plugge instrumentet inn i forsterkerar og ymse effektar. Deretter innkorporerte han element fra blues, rock og eksperimentelt kaos med runemusikken han representerer.
Pekko Käppi & K: H: H: L (Bones of the Dead Crazy Horses) spelar musikk som omhandlar kjærleik, død og finsk voodoo med klare arkaiske spor. Det er minimalistisk og brutalt, lagdelt med kolliderande rytmar og psykedeliske element, men samstundes med ein tydeleg smak av popmusikk.
Pekko Käppi har gjeve ut fem kritikarroste album sidan debuten «Jos ken pahoin uneksii» frå 2007. K:H:H:L har vore med på dei to siste utgjevingane, der albumet «Matilda», som kom ut no i mars 2017, førebels er siste greina på treet.

Pekko Käppi – lyre, vokal
Tommi Laine – sigarboks-gitar, perkusjon, vokal
Nuutti Vapaavuori – sigarboks-bass, vokal

 

Skenet….for folkrocken var ikkje død!
Den svenske folkrocken er atter ein gong på frammarsj, og i front av den nye bølgja finn vi Skenet. Kvartetten gav ut debutalbumet «Allting rullar» på det anerkjende plateselskapet Subliminal Sounds (Dungen ofl.) til strålande kritikkar, og no kjem dei med splitter nye fullengder i bagasjen.

«Folkmusikens svar på Jimmy Page.» – Björn Stefanson, Värmlands Folkblad

Medlemmene i Skenet møttest alt som elevar på fele i musikkskulen i heimstaden Bollnäs, og har med åra utvikla seg til eit nyskapande folkrockband som trollbind publikum kvar enn dei tek turen. Psykedelika og tyngre rockeriff med tydelege band til Led Zeppelin ofl. møter arven frå spelemannskulturen i Bollnäs. Miks dette saman med ein makalaust energisk, virtuos og karismatisk frontfigur i Lena Jonsson, og du har eit perfekt liveband – Skenet!

Lena Jonsson – fele
Niklas «Nicke» Bertilsson – trommer
Johan Mörk – bass
Staffan Jonsson – gitarar