I 1902 ga Edvard Grieg ut pianoverket Opus 72, Slåtter. Verket byggjer på 17 feleslåttar etter hardingfelespelemannen Knut Dahle frå Tinn i Telemark.

Unni Boksasp og ensemblet hennar har i fleire år fordjupa seg både i feleslåttane etter Dahle og i Griegs Opus 72. I 2017 presenterer dei sitt eige Opus 72017, ei konsertframføring med songar, slåttar og arrangement sterkt inspirerte av både Dahle og Grieg, men med eit tydeleg stempel av Unni Boksasp Ensemble og notida.

«Som musikar og menneske av i dag er det interessant å trekke linjer, samanlikne og filosofere over skjebnen og livslina til desse to kunstnarane og menneska omkring dei, og prøve å forstå kva som gjorde at dei vart to av Noregs viktigaste kunstnarar», seier Unni Boksasp om arbeidet med å skrive nye tekster til konsertframføringa.

 

Unni Boksasp Ensemble gav ut si første plate «Songar frå Havdal» i 2007, og har i alle desse ti åra vore med og prega det norske samspelmiljøet innanfor norsk folkemusikk. No har dei teke eit nytt steg og gått laus på eit nær sagt heilagt materiale som ingen før har arbeidd med som ensemble. Resultatet får vi høyre våren og sommaren 2017, med premiere på Riksscenen 29. april.

 

 

 

Unni Boksasp – song, zitter

Mats Edén – feler

Trygve Brøske – piano, trøorgel

Magne Vestrum – kontrabass

Petter Berndalen – perkusjon

Marianne Meløy – manushjelp