Den siste konserten for månadens artist i mars, Knut Buen, er vigd til slåttane han har komponert. Buen framfører dei sjølv, saman med eit handplukka stjernelag av hardingfelespelemenn og ikkje minst Håvard Gimse på klaver.
Knut Buen har komponert store mengder slåttar gjennom karrieren sin. Nokre av dei har blitt ein del av standardrepertoaret til fleire spelemenn og på den måten vorte ein naturleg del av tradisjonsmaterialet på hardingfele, medan andre er meir ukjende og lite nytta. Rundt 15 av slåttane Knut har laga, har felespelar og komponist Kjetil Bergheim transkribert for klaver, og gjennom fingrane til pianisten Håvard Gimse får me også nokre døme på dette arbeidet denne kvelden.
Per Anders Buen Garnås frå Bø i Telemark er ein av dei fremste utøvarane i landet på hardingfele i dag. Han er son til Agnes Buen Garnås, som er syster til Knut Buen, og kanskje den utanom Knut med mest kjennskap til Knut sine slåttar. Per Anders har gjeve ut to soloplater, vunne Landskappleiken fleire gonger og vore tre gonger nominert til Spellemannprisen, seinast i 2015 for soloplata «Greinir».
Håkon Høgemo frå Årdal i Sogn har vore frilansmusikar på hardingfele i over 20 år. Han har, utover virket som solospelemann, vore med i ei mengd ulike crossoverprosjekt i inn- og utland som til dømes Utla, Karl Seglem og Gamaltnymalt. Håkon har gjeve ut tre soloplater med felespel, har vunne Landskappleiken to gonger og har to Spellemann-prisar på hylla si på Osterøy, der han bur i dag.
Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje er både felemakar og hardingfelespelemann frå aller øvste hylle. Han har vunne Landskappleiken på hardingfele heile fire av dei siste seks åra – på feler han har bygd sjølv, og mottok Spellemannprisen i 2012 for solo- og debutplata si «Ottar Kåsa». I dag bur Ottar i Bø i Telemark der han arbeider som felemakar og spelemann.
Lars-Ingar Meyer Fjeld kjem frå Sandefjord i Vestfold, men har gjort tradisjonsspelet frå Telemark til sitt eige sidan han byrja å spele hardingfele som tolvåring. Han har allereie etablert seg som ein av dei ypparste på hardingfele her i landet, noko pallplasseringar på Landskappleiken i både 2015 og 2016, og den strålande soloplata hans «Hardingfele» frå i fjor, er prov på. Pianisten Håvard Gimse frå Kongsvinger vert rekna som ein av dei fremste musikarane i landet, noko ein imponerande diskografi med over 30 innspelingar vitnar om. Sidan den fyrste offentlege konserten han hadde med Trondheim Symfióniorkester som 14-åring, har han spelt konsertar over heile verda og samarbeidd med musikarar som Arve Tellefsen, Truls Mørk, Henning Kraggerud, Solveig Kringlebotn og Elizabeth Nordberg Schulz m.fl.  

Knut Buen – hardingfele
Håvard Gimse – klaver
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Håkon Høgemo – hardingfele
Ottar Kåsa – hardingfele
Lars-Ingar Meyer Fjeld – hardingfele