The Tambourine Man
Xabier Diaz er både musikar, komponist, forskar og songar, og spesialist på instrumentet Pandeireta Galega, den galisiske tamburinen. I Galicia nyt han kjendisstatus, mellom anna etter mange år som vokalist i den leiande folkemusikkgruppa Berrogüetto, i tillegg til samarbeid med ei rekkje store artistar. No gjer han suksess med eigne prosjekt.
«The Tambourine Man» er Xabier Diaz sitt nyaste prosjekt, og er eit møte mellom den galisiske tamburinen hans og adufen, den mauriske firkant-tromma som er mykje brukt i Portugal. Eller faktisk møter tamburinen hans heile 11 adufar, når Xabier Diaz slår seg saman med dei kvinnelege songarane og perkusjonistane i gruppa Adufeira de Salitre. Og i tillegg har han med seg Gutier Alvarez på dreielire og Javier Alvarez på trekkspel.
To år tok det å leite fram gamle voggesongar og folkesongar frå galisiske landsbyar, og gje dei nye arrangement og ny tolking gjennom Xabier Diaz si sjelfulle stemme, sikkert og elegant akkompagnert av songen og rytmen frå Adufeira. «The Tambourine Man» er ein vakker kombinasjon av stemmer, rytmar og koreografi, ei intens oppleving du vil bere med deg lenge.

 

Xabier Diaz – vokal, perkusjon
Gutier Alvarez – dreielire, fiolin
Javier Alvarez – toradar
Cristina Pico – vokal, perkusjon
Iria Penabad – vokal, perkusjon
Montse Garcia – vokal, perkusjon
Patricia Gamallo – vokal, perkusjon
Maite Lopez – vokal, perkusjon
Noemi Basanta – vokal, perkusjon
Carolina Vazquez – vokal, perkusjon
Bea Mariño – vokal, perkusjon
Lidia Sanmartin – vokal,  perkusjon
Gisela Sanmartin – vokal, perkusjon
Mariña Garcia – vokal, perkusjon

I samband med at Førdefestivalen presenterer Xabier Diaz i samarbeid med Riksscenen, vil festivalen også presentere programmet for sommarens festival, som går av stabelen i Førde 5.–9. juli.