Riksscenen nyproduksjon
Springdu
fredag
06
nov. 2015
Dørene åpner 20.00
Starter 21.00
Billett 180/120
12045511_10153172425740233_5644291868016495894_o

Dobbelt plateslipp

SPRING DU FELA & BJØRN SIGURD GLORVIGEN

 Kvedaren, diktlesaren og gitaristen Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre slepp debutplata si som soloartist “Dovresange’”. Repertoaret på både plata og konserten er folkemusikk frå heimstaden hans og inneheld alt frå skillingsviser, salmer og ballader til bånsullar og springleikar. Folkesongen og folkemusikken på Dovre står ikkje spesielt sterkt i dag, men nokre få tradisjonsbærarar finst enno, og desse har Glorvigen samla inn stoff ifrå. I tillegg var felespelaren Tor Wigenstad så framsynt å samle både slåttar og songar ifrå Dovre på 1950-talet, både på noter og på band; eit materiale som vart oversett av innsamlarar som L.M. Lindeman og O.M. Sandvig. Bjørn Sigurd Glorvigen er utdanna folkesongar ifrå NMH, er A-klassing i kveding og har tidlegare vore medlem i visejazzbandet Østenfor Sol og i bandet TRI der han har vore med på å tonesette dikt av kjende diktarar frå Gudbrandsdalen.

Bjørn Sigurd Glorvigen - vokal, gitar
Bjørn Kåre Odde - fele
Ådne Svalastog - trøorgel

“Spring du fela” er eit nytt prosjekt i regi felespelaren Mari Skeie Ljones der gamle spelemannshistorier får nytt liv gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar.  Mari Skeie Ljones har servert diktarane historier om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen, og har fått tilbake korte, lange, dramatiske, triste og glade tekstar frå poetane Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Dette nye materialet har Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien og Gaute M. Sortland komponert musikk til - og resultatet har blitt til Spring du fela - eit resultat som er vakkert og fengjande; utfordrande og krevjande! Mari Skeie Ljones frå Lillehammer er utdanna felespelar ved Noregs Musikkhøgskule, har m.a. vore med i gruppene Filibuster, Salikatt og Anton Ruud & the wrong way home, samt spelt med artistar som Camilla Granlien og Janne Hea m.fl

Camilla Granlien - vokal
Olav Christer Rossebø - mandola,mandolin,gitar
Jo Fougner Skaansar - kontrabass
Gaute M Sortland - vokal, gitar
Mari Skeie Ljones - fele, vokal

 
#3549646