Riksscenen nyproduksjon
11
torsdag
05
nov. 2015
Dørene åpner 19.30
Konsert 20.30
Billett 180/120
Odde:Nilssen
ARRANGEMENTET ER AVLYST

JPP & ODDE / NILSSEN

Odde/Nilssen – Slåttemusikk på trekkspel
Mads Erik Odde og Ole Nilssen er to trekkspelarar som båe har sterke familietradisjonar når det gjeld folkemusikk. Dei har hatt familiemedlemmar som sine viktigaste læremeistrar og dette har gjort at dei båe står fram som nokre av dei mest sentrale utøvarane på trekkspel i sine distrikt. Dei har i gjennom studier på Vinstra VGS og på Noregs musikkhøgskule møtt kvarandre, og spelt mykje i lag, både til dans og på konsertar. Musikken dei spelar er i hovudsak tradisjonell slåttemusikk frå deira egne distrikt, men og nyare komposisjonar. Det aller meste i eigne arrangement.

Mads Erik Odde - trekkspel
Ole Nilssen - trekkspel

JPP - finske veteranar i verdsklasse!
Legendariske JPP (Järvelän pikkupelimannit, som tyder små folkemusikarar frå Järvelä) starta opp i 1982 i Finlands felehovudstad Kaustinen. Sidan den tid har JPP gjeve ut ni album, halde konsertar verda rundt og inspirert ein heil generasjon folkemusikarar i inn- og utland. Medlemmane i JPP spelar musikk med røter attende til 1800-talet, men både spelet og uttrykket er inspirert av musikk frå andre sjangerar. Element frå jazz, samtidsmusikk og klassisk musikk snik seg inni komposisjonane og kombinasjonen av heile smeltedigelen vert JPP sitt heilt særeigne sound. Mykje av musikken til JPP vert komponert av bandets leiar og grunnleggjar Arto Järvelä. Han ser til at alle som høyrer på vert sendt ut på ei reise i musikk utan grenser eller reglar, det finnest berre overraskingar!
Denne kvelden vert det både konsertar og dans, så ta med både øyro og dansesko!

Tommi Pyykönen - fele
Arto Järvelä - fele
Matti Mäkelä - fele
Mauno Järvelä - fele
Timo Alakotila - trøorgel
Antti Järvelä - kontrabass

 
#3549646