8. mars, dagen der alle spelekvinner, dansetauser og fruer og frøkner skal hyllast og repekterast enda litt ekstra! Tradisjonen tru feirer vi denne dagen her på Riksscenen, og i år har vi gleda av å presentere ein heilt fersk trio! Vi spurte Ragnhild Furebotten, feledronninga frå nord, om ho kunne tenkje seg å bidra denne dagen - ho svarte ja, og fekk med seg Emilia Amper, nøkkelharpedronninga frå Sverige. Sjøl om dei båe er av dei fremste, mest markante og aktuelle musikarane vi har, har dei aldri arbeid saman før. Saman med trekkspelar Frode Haltli, kjent frå band som Poing og Rusk, slår dei eit slag for alle kvinner, for det gode samspelet og den gode konsertopplevinga! Ragnhild Furebotten er kjent frå bandet Hekla Stålstrenga, sin eigen Ragnhild Furebotten Trio, og frå “Never on a sunday”, der ho briljerer på fele saman med ei heilt eiga blåserekke. I 2012 var ho månedens artist her på Riksscenen. Emilia Amper er verdsmeister på nykkelharpe og kåra til årets folkemusiker i Sverige. Ho er kjent frå trioen ODE, samarbeid med Trondheimsolistene, danseforestillinga “Dans med Vuxna” og frå sitt eige soloprosjekt “Trollfågeln”. Som oppvarmarar får vi og i år OsloFOLK Spelekvinnelag, initiert av OsloFOLK, beståande av alle spelekvinner som vil væra med å gjera noko ekstra denne dagen. Dei møtast ein gong i året, 8. mars, og speler berre låter av, etter og om damer. OsloFOLK varter og opp med bakst, sjølvsagt berre tidsriktige kaker, som prinsessekake og Mor Monsen.

 

Ragnhild Furebotten - fele
Emilia Amper - nøkkelharpe, vokal
Frode Haltli - accordion

 

LF14_kvadrat_web_.jpg