Helga Myhr er hardingfelespelar og songar frå Ål i Hallingdal. Ho er ein sterk tradisjonsbærar innanfor solo hardingfele og improviserar seg ofte gjennom dei spesielle slåttane og songane frå heimtraktane. Med stor nyfikenheit mot ulike klangar ein kan finne i hardingfela, fokuserer Myhr på kreativiteten som oppstår når ein går djupt ned i til dømes rytmer, strøkfigurar og tonalitet til ein tradisjon. Myhr spelar elles i ulike band og konstellasjonar. Ho har til dømes gjeve ut to kritikerroste plater med vokalgruppa Kvedarkvintetten og i vår kom debutalbumet til folkemusikkbandet Morgonrode. Våren 2019 vart ho ferdig med studiane ved Norges Musikkhøgskole som utøvande folkemusikar. 


I haust kjem hennar fyrste soloalbum på plateselskapet Motvind Records som den fyrste utgåva av den nye serien deira: Perspektiv på norsk folkemusikk. Plata vil innehalde eigne, eksperimentelle tolkningar av folkemusikken frå Hallingdal og denne konserten er ein del av hennar platesleppturné. 

 

Helga Myhr – hardingfele

foto: Johannes Selvaag