Kva skjer når fire langeleikar møtest og utforskar grensene kva instrumentet er godt for? Det er oppgåva Anders Erik Røine, Anders Hana, Rasmus Kjorstad og Kenneth Lien har teke på seg i høve årets Osafestival, og me i hovudstaden er så heldige at me får vera prøvepublikum til kvartetten før dei tek turen vestover til Voss!
 
Konserten vert eit dykk inn i tradisjon og improvisasjon der langeleikens rammer vert utfordra og angripen frå fire kantar. Gjennom samspel og soloutøving på det gamle instrumentet skal dei fire forskarane dra oss inn i ei klangverd frå ei svunnen tid, samstundes som samtida og framtida ligg som ei teppe over musikken og gjer det heile tidlaust. 
 
 
 Anders E. Røine - langeleik
Anders Hana - langeleik
Rasmus Kjorstad - langeleik
Kenneth Lien - langeleik