Arrangørlaga av Landskappleiken 2020 på Rjukan tek med seg sine mest musikalske og dansekyndige medlemmer til hovudstaden for å gjera alle klare til årets stor folkemusikalske hending. Det vert dansekurs, teater, fyrispel, festkonsert og dansefest i teletakt slik at alle kan gjera seg klare til fem dagar på Rjukan i juni. 

 

Det er Tinn Spelemannslag, Falkeriset Folkemusikklag, Gransherad Spel og dansarlag og Seljord folkemusikklag som er årets arrangørar, og me veit at i dei laga er det store ressursar i alle aldrar som borgar for ein strålande dag, kveld og natt på Riksscenen. 

 

Program for dagen:

12.00 - Kurs i springar/gangar

16.00 - Teaterforestillinga “Ruijentene" 

18.00 - Fyrispel med Knut Buen  egen billett

20.00 - Festkonsert av og med arrangørlaga til Landskappleiken 2020

22.00 - Dansefest i Teletakt