Forestillinga Driv formidler ei historie om ungdommeleg kraft og og overmot, inderlege kjensler og sårheit, glede og villskap. Utøvarane er frå 16 til 19 år, kjem frå ulike tradisjonsområde og bidreg med song, pardans, langeleik, toradar, godkarstykje, munnharpe, hallingdans og fele.

Forestilling er av og med Villniss Ungdomskompani som vart starta våren 2020 med utgangspunkt i utøvarar frå kurset “Ung på Hilme” på Strunkeveko 2019. Initiativtakarane bak Villniss Ungdomskompani, Silje Onstad Hålien og Andreas Ljones har i det meste av sin kunstnarlege produksjon fokusert på arbeidet med å formidle musikk og dans med røter i norsk tradisjon i ein scenisk samanheng. 

Vilde Westeng

Vinnar av den yngste klassa i hallingdans på Landskappleiken i 2018, Vilde Westeng, fekk augene opp for hallingdans i 2009 då Frikar dansa med Rybak i MGP. Ho har sidan då hatt beina godt planta i danseskoa og har eit stort ønske om å inspirere fleire ungdom, og særeleg jenter, til å danse halling. 

TrøBUL

TrøBUL er ei dansegruppe med barn og unge mellom 11 og 14 år. Dei likar best å danse saman i par eller i gruppe fordi det er saman ein får mest moro!

BULder og Brak

BULder og Brak er ei hallinggruppe i Leikarringen i BUL Oslo. Her øver dei kvar veke på lange sprang og høge kast som dei gler seg til å syne fram for alle som vil sjå!

Bølingen

Bølingen er ei gruppe med ungdom frå Akershus og Oslo mellom 13-19 år som dansar folkedans og spelar folkemusikk. Gruppa har eit rikt og variert repertoar av norske folkedansar og har eit spesielt fokus på å sette seg inn i lokale folkemusikktradisjonar frå eigne trakter. Dei danser alt frå turdanser til bygdedansar og er kjend for raske rilar og feiande flott felespel!

Vilde Westeng – dans
Driv – dans
BULder og Brak – dans
Bølingen – dans