Namnet På Pynté er ei heidring av den mest kjente langeleikspelaren og  marionettebrukaren frå eldre tid, Berit på Pynté. Både Grieg og Lindemann skreiv ned musikk etter henne. Som musikar bidrog ho til verdifull dokumentasjon og kunnskapsoverføring. Som menneske vart ho omtala i nedsetjande ordelag, som ein grovkorna og grenselaus klovn, men musikken ho framførte vart skildra som rein lidenskap.  Historia om Berit er også historia om å vera kvinne og kunstnar i eit trongt samfunn.

 På Pynté sameinar tradisjonsspel med figurteater og moderne dans, forsterka av tekst og foto. Det er fyrste gongen at langeleik og dansedokker står i sentrum for ein stor konsertproduksjon. Som arrangør og oppdragsgjevar ser Jørn Hilme-stemnet det som ei viktig oppgåve å løfte fram og lyssetja også dei sidene av folkemusikken som tradisjonelt ikkje har teke så stor plass. Langeleiken og dansedokkene dreg trådane frå det lokale, via det nasjonale og til det internasjonale, men også frå det konkrete til det metafysiske. Kven dreg i trådane, kor frie er vi som menneske i møte med kreftene? Gjennom vekslande tonar, rytmar, bilete og tekst tek dei oss med gjennom tider og tankar. Kanskje skimtar vi Berit; ho som eigde musikken, dansa med dokkene og baud på seg sjølv der på Pynté. 

Gunvor og Oddrun Hegge og Ole og Knut Aastad Bråten og er blant dei fremste langeleikspelarane i landet. Anita Vika Langødegård er moderne dansar med røtene i tradisjonsdansen, medan Håkon Aasen er ein kraftfull springar- og hallingdansar. Ånon Sørneæs Bakken er gjestespelemann, Bent Åserud er rettleiar og Ellen Persvold har regi.

Framsyninga er ein samproduksjon av Jørn Hilme-stemnet og Riksscenen. Framsyninga er støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Norsk kulturråd.

Gunvor Hegge – langeleik
Oddrun Hegge – langeleik
Ole Aastad Bråten – langeleik
Knut Aastad Bråten – langeleik
Anita Langødegaard – dans
Håkon Aasen  – dans
Ånon Sørneæs Bakken – gjestespelemann
Bent Åserud – rådgjevande produsent
Ellen Persvold – regi
Anne Marte Før –  foto
Mari Ormberg – dansedokkemaker