Dei to multiinstrumentalistane har spelt saman i fleire ulike konstellasjonar, mellom anna i filmmusikken Anders skreiv til stumfilmen “Kristine Valdresdatter” og verket “Tjonafant” av Erlend Skumsvoll. Anders E. Røine er folkemusikkens multiinstrumentalist og instrumentutviklar nummer ein! Han er kanskje mest kjend frå duoen Sudan Dudan, men spelar også med Little Steven på filmmusikken til “Lilyhammer”, han medverkar på fleire av skivene til Odd Nordstoga og trakterer langeleik på joleplata til Tone Damli Aaberge for å nevne nokre få. I instrumentparken til Anders finn ein gitarar, langeleik, munnharper, banjo, mandolin, feler, hardingfeler og munnspel i tillegg til at han er ein habil vokalist. Hans Hulbækmo har blitt ein av landets mest nytta trommeslagarar dei seiste åra, og er fast medlem i band som Atomic der han tok over etter Paal Nilsen-Love, Broen og Moskus. Han er utdanna ved jazzlinja i Trondheim.

Anders Erik Røine - vokal, gitar, munnharpe, langeleik
Hans Hulbækmo - trommer, perkusjon, munnharpe

 

 

Torgeir Vassvik frå Gamvik heilt nord i Finnmark har motteke internasjonal merksemd dei siste åra for sin kombinasjon av joik, strupesong og rocka kammermusikk. Under Womex 2016 i Santiago de Compostela vart han, som ein av dei fyrste norske artistane nokon gong, invitert til å ha offisiell showcase, og har i ettertid spelt mengder av konsertar over heile verda, no seinast i Japan og Sibir. Vassvik framfører musikken sin med ein nærmast hypnotisk intensitet, der mørkret og ljoset smelter saman i eit musikalsk arktisk univers. Der er som om Aurora Borealis sjølv står bak tonesettinga.


"Performing at the RWMF Theatre Stage right now is Vassvik from Norway. Beautiful and surreal Sami Yoik. Mesmerizingly beautiful. Truly unique, I'm glad I was there at this performance.“
- Hendrick Foh, Rainforest WorldMusic Festival, Malaysia

Med seg på scenen har Torgeir brørne Hans og Rasmus Kjorstad frå Harpefoss i Gudbrandsdalen. Dei to mottok Folkelarmprisen i Åpen Klasse 2017 for plata “Pusinshi ulla” og reiknast som to av dei største talenta innan både tradisjonell og nyskapande musikk i den norske folkemusikkfamilien.

Torgeir Vassvik – joik, strupesong, gitar
Hans Kjorstad – feler
Rasmus Kjorstad – feler
Audun Strype – lyddesign