Fremvisning av gyldig billettt til kveldens hovedkonsert, kan gi gratis inngang  til Fyrispel dersom det er ledig plasser.

Andy Irvine er ein av dei største og mest anerkjende irske songarane som finst! Stemma hans er blant den handfulla som kan titulerast “truly great ones”, ei stemme som tek deg med til sjølve hjartet og sjela til Irland, og mange har uttalt at han utgjer  “ein tradisjon heilt åleine”. Andy Irvine har ein karriere som spenner over 45 år og har fått ein heilt eigen plass i tradisjonsmusikkens “Hall of fame” gjennom dei åra.

Heilt frå han var med på å starte opp gruppene “Sweeney´s Men” midt på 60-talet, den enorme suksessen “Planxty” på 70-talet, via “Patrick Street” og “Andy Irvine & Dónal Lunny's Mozaik”, har Andy vore ein pionér og eit ikon for tradisjonell musikk og musikarar. Når han opptrer solo, tek han den erketypiske trubadurrolla og gjev publikum ein konsert som syner fram ein musikar og ein livsstil som reflekterer hans store idol, Woody Guthrie. For å sitere kva avisa Irish Times skriv om Andy: "Often copied, never equalled." Repertoaret til Andy strekkjer seg frå tradisjonelle irske songar til dansemusikk frå Balkan, og omfattar sjølvsagt mange songar han har skrive sjølv opp gjennom åra. 

Andy Irvine – bouzouki, mandola, munnspel, song

 

 

17.30 - 17.45
 Irske Jean Kavanagh les dikt fra si nyaste diktsamling ho kjem med i april