I 2019 kom Kvarts med sin tiande cd-produksjon; To tiår. Over 20 år har gått sidan gruppa vart etablert, i samband med at Jo Asgeir Lie hadde trekkspelaren Oddvar Nygaard som tema for hovudfagsoppgåva si ved Norges musikkhøgskule. Til eksamen var det bruk for ein kvartett med same besetning som det Nygaard hadde i sin kvartett, og dette var utgangspunktet for at dei fire spelte i lag første gongen. Dette gav meirsmak, og kjapt var dei på vegen til dei første oppdraga. 

Det kunstnariske arbeidet har resultert i mange musikalske samarbeidsprosjekt, mellom andre med Jonas Fjeld, Kringkastingsorkestret og Kristiansand Symfoniorkester. På den musikalske vegen har dei også fått to Spellemannprisar. Kvarts har skrive musikk til ei rekkje tingingsverk, og har opp gjennom åra medverka i ei lang rekkje radio- og TV- program, og turnert i inn- og utland.

 

Øystein Rudi – fele, hardingfele
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Erlend Styve – gitar
Tom Willy Rustad – kontrabass, torader, munnharpe, gitar