Bordunmusikaren Anders Norudde er nok mest kjend for dei fleste som medlem av Hedningarna, men han har også oppnådd åtgaum som komponist av slåttar, eller låtar som dei seier i Sverige. Det er desse komposisjonane som står i sentrum når Anders og Johanna Karlsson, kjend frå gruppa Limbohofvet, slår felene saman og leverer gneistrande samspel frå øvste hylle.

Duoen spelar på både fire- og femstrengs feler og moraharpe, og utnyttar ulike stemmingar av instrumenta for å formidle kjærleiken sin til klang og melodiføring, så for alle som er glad i svenske låtar og bordunspel er dette kvelden sin.  


Anders Norudde – fele, moraharpe

Johanna Karlsson – fele