Eit møte mellom tre av Noregs fremste spelemenn, som kjem  frå ei uvanleg musikalsk fjellbygd. Lom ligg ved foten av Jotunheimen, og her har det i generasjonar levd spelemenn som har sett djupe spor. I 2016 gav trioen ut albumet Atterljomen som tok utgangspunktet i ein av desse spelemennene: Sjugurd Garmo (1896-1991). Albumet hausta svært gode kritikkar og fekk mellom anna Folkelarmprisen i kategorien tradisjonelt samspel. I haust gjev dei ut eit nytt album, denne gongen med utgangspunkt i slåttekomposisjonar av fleire spelemenn frå Lom. Aslak Brimi, Astrid Sulheim og Bjørn Kåre Odde presenterer materialet ved å utnytte instrumenteringa fullt ut. Bratsjen og felene varierer med alt frå enkle samspelformer som bygger opp melodien, til meir intrikate stemmer og harmoniar som gjev slåtten ei heilt ny drakt.


Astrid Sulheim – fele
Bjørn Kåre Odde – fele
Aslak Brimi – fele