RAABYGG – Ein etter mor

Raabygg tek deg i handa og leier deg inn på den mangslungne stien av folkemusikk frå dei indre bygdene på Agder. Musikken er røff, var, dansbar, humoristisk og vakker. Trioen har pakka slåttane og songane inn i sine eigne musikalske arrangement, men har likevel tradisjonen i høgsetet.

Bandet har gjennom seks år hatt konsertar i inn- og utland, spelt til dans for fulle dansegolv, og vunne Landskappleiken. I 2016 kom debutalbumet Ein etter far, og i mai 2019 kom oppfølgaren Ein etter mor.

Ein etter mor er spelt inn i Hallibakken studio i Nes i Hallingdal, og på plata har Raabygg fått med seg Knut Reiersrud som produsent. Han bidreg også med munnspel og piano på fleire av spora.

Alle medlemmene i Raabygg har mange prosjekt og jern i elden kvar for seg, i tillegg til at dei alle tre står stødig som tradisjonelle soloutøvarar. I Raabygg blir dette til ein kraftig fusjon med rom for at kvar enkelt får vere seg sjølv i samspelet.

 

Johanne Flottorp – hardingfele, oktavfele og song
Tuva Færden – hardingfele, song og lyre
Sigrid Kjetilsdotter Jore – song, harpeleik og munnharpe
Knut Reiersrud – munnspel, piano