Fremvisning av gyldig billettt til kveldens hovedkonsert, kan gi gratis inngang til Fyrispel dersom det er ledig plasser.

Med si særeigne stemme og utstråling er Elias Akselsen den fremste representanten for romanifolkets rike musikk- og songtradisjon i Noreg. Han er fødd på Årnes, men i tenåra tok han turen over til Sverige, der han samarbeidde med m.a. Cornelis Vreeswijk og Fred Åkerström, før han returnerte til Noreg. Etter returen har han medverka og gjeve ut ei rekkje plater og er tildelt fleire prestisjetunge prisar for musikken sin.

Sidan 2000 har Elias samarbeidd med produsenten Sigbjørn Tveite, eit samarbeid som har ført til mange plateutgjevingar og ikkje minst dokumentaren "En tater på vandring" om og med Elias. (NRK 2012) I seinare tid har han også fått merksemd og åtgaum for filmmusikken til NRK-serien "Kampen for Tilværelsen" der han framfører åpningslåta "Tommy".

Elias samarbeider med ein mengd profilerte musikarar rundt omkring, men til Fyrispel kjem han heilt åleine og gjev oss garantert ein stor oppleving!

Elias Akselsen – song