Eg er vaksen opp i Songdalen i Vest-Agder, men har nå vore busett lengst i Telemark, heilt sidan 1989. I dette fylket blomstrar folkesongen kan hende meir enn nokon annan stad i landet, og eg syng gjerne dei flotte visene her. Likevel kjenner eg meg meir heime i songmaterialet frå Agder, og det er mykje å gripe fatt i. Spesielt i Vest-Agder er det svært få som syng dei gamle visene og steva.

Eg har vore så heldig å få møte eldre songarar med ein særprega stil. Repertoaret har eg såleis både direkte etter eldre songarar, etter arkivopptak, og eg har tolka eldre notenedteikningar. Gjennom dette prosjektet har eg eit ønske om at stoffet som blir presentert, skal inspirere folk til å bruke det og gi dei lyst til å leite fram endå meir. Det finst så uendeleg mange songar som bør vekkast til live.

Ragnhild Furholt - vokal Anders Røine - gitar, langeleik, hardingfele og munnharpe Elisabeth Vatn - trøorgel, klarinett, meråkerklarinett, calimba

Support - Bygdelagskoret Blåne

Bygdelagskoret Blåne er eit blandakor med omlag 35 medlemmer. Dei ønsker å halde eit høgt ambisjonsnivå som amatørkor. Songane er i hovudsak norske folkesongar, og dei har arbeidd mykje med å vidareutvikla folketoneklangen. Blåne feirar 90 år i år.