Fremvisning av gyldig billettt til kveldens hovedkonsert, kan gi gratis inngang til Fyrispel dersom det er ledig plasser.

BERGTATT
Spennande, sjangeroverskridande, varmt og vakkert – dette skildrar musikken som blir skapt mellom eit dynamisk og frittspelande strykeorkester og to av dei beste folkemusikkutøvarane frå Gudbrandsdalen. Mari Midtli på song og Aslak Brimi på fele er begge framifrå formidlarar av tradisjonsmusikk, og i lag med Sinfonietta Innlandet får musikken fram ukjente dimensjonar. Utgangspunktet er folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen arrangert ut for strykeorkesteret og fele- og song-solistar. Dette er heftig, stor og intrikat musikk.

Dette prosjektet tek utgangspunkt i både ny og tradisjonell folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Det blir gamle slåttar og songar, og det blir to suitar av Aslak Brimi for song, fele og strykeorkester. Utarrangeringa er det komponist og arrangør Knut Anders Vestad som står for. Sinfonietta Innlandet er eit strykeorkester med base i innlandsregionen, med kunstnarleg leiar Atle Sponberg (fiolin).

"Både ved urframføring av verket HEIMFJELL under hovudkonserten i 100-årsjubileet for Hans W. Brimi ved Tesse i august 2017, og ved oppføring på Rudi Gard i samband med Gudbrandsdal Musikkfest fredag 6. oktober, har dei openbare kvalitetane ved verket kome veldig godt til syne. Dette er rett og slett flott og nyskapande musikk som fortener eit langt liv i det spennande repertoaret som nå er i ferd med å utvikle seg i skjeringspunktet mellom klassisk folkemusikk og folkeleg klassisk. Vi kjenner båe solistane godt frå mange samarbeid. Mari er ein av våre aller mest framgangsrike unge og aktive folkesongarar! Aslak Brimi er toppspelemann i norsk folkemusikktradisjon. Desse to sett i front av eit orkester er fantastisk. Og nå kjem dei med musikken på plate. Vi gler oss." Øystein Rudi, spelmann og drivar av Rudi Gard

Konserten på Riksscenen er ein av tre lanseringskonsertar i høve utgjevinga av albumet Bergtatt med Mari Midtli, Aslak Brimi og Sinfonietta Innlandet.

Mari Midtli – song
Aslak Brimi – fele
Sinfonietta Innlandet

 

Før konserten vil musikkstudentane Tea Forr Austnes, Dordi Boksasp Lerum og Trygve Liahagen, som deltar i NMHs talentutviklingsprogram TUP, ha ein kort oppvarmingskonsert.