Ville idéar er viktige å ha, og folkemusikken er full av ville idéar! I 1977 vart ein vill idé om eit folkemusikkakademi realisert.
Laurdag 26. januar 2019 inviterer Ole Bull-akademiet til ein heidundrande kveld med konsert, statt-upp-stevtevling for alle som har eit stev på hjartet, og dans til spelemenn og -kvinner frå akademiet!

Sigbjørn Bernhoft Osa såg at det stod dårleg til med kunnskapen om folkemusikk og folkedans hjå musikkstudentar rundt i landet. Dette ville han gjere noko med, og han fekk det til. Dette er også historia om gaukungen som vaks seg stor og synleg i norsk musikkliv. Ein vill idé om å etablere eit akademi på Voss, og tru at studentar frå heile landet skulle kome på kurs til bygda. Det er slike idéar som lukkast, og i dag er mellom 500 og 600 studentar årleg på kurs på Voss!

Ole Bull-akademiet har ei høg stjerne i norsk musikkliv, men ingenting kjem av seg sjølv. Det er 40 år med hardt arbeid, og vilje til å formidle folkemusikk og folkedans til stendig nye generasjonar, som gjer at akademiet i dag har ein sterk posisjon.

Konserten vert ei musikalsk og historisk markering av dei 40 åra som har gått.

Olav L. Mjelva / Tellef Kvifte / Roger Tallroth /  Eli Storbekken /  Kåre Opheim /  Kari Malmanger / Carl Petter Opsahl / studentar og tilsette ved Ole Bull Akademiet

 

Program:

Ein tradisjon blir til
20.00 Konsert
21.30 Statt-upp-kveding (stevtevling, open for alle)
22.30  Dans
23.00 Premieutdeling og dansen held fram!