Den verdskjende duoen Martin Hayes & Dennis Cahill kjem til Riksscenen og held ein ekslusiv, akustisk intimkonsert!

Martin Hayes frå County Clare på den irske vestkysten, reiknast som eit av dei mest ekstraordinære talenta i verda innanfor tradisjonell irsk musikk. Hans kunnskap om fortida kombinert med visjonar om framtidas musikk og ikkje minst den unike lyden han får ut av instrumentet sitt, har gjort han til allemannseige innanfor sjangeren. Han har henta inspirasjon frå alle slags retningar som Arvo Pärt, Jordi Savall og John Coltrane, men heile tida utan å miste den tradisjonelle musikken han voks opp med.

I årene som kommer, vil vi sikkert snakke om å ha sett denne mannen i måten andre snakker om Miles Davis eller Jimi Hendrix”
 – The Irish Times, februar 2015

Mestergitaristen Dennis Cahill er frå Chicago, men foreldra hans kom frå Dingle i County Kerry på den grøne øya. Han er utdanna ved den prestisjetunge musikkhøgskulen i heimbyen og vart fort eity aktivt medlem av den lokale musikkscenen i byen. Hans gitarspel som akkompagnerer Martin Hayes er av mange reikna som eit gjennombrot for vidareutviklinga av gitarspel innanfor den irske tradisjonen. Dennis og Martin møtte kvarandre i Chicago på 80-talet der dei danna gruppa Midnight Court som spelte ein miks av jazz, rock og fusion. Dennis har spelt saman med andre felespelarar som t.d. Liz Carroll, Eileen Ivers og Kevin Burke og er også ein ettertrakta produsent.

“The remarkable duo has honed a ravishing repertoire by distilling the melodic essence of traditional tunes. The two can play a reel that sets feet stomping, but they’ve distinguished themselves by bringing chamber music’s intensity and dynamic control to folk tunes created for community celebrations.”
— The Irish Times