Tradisjonen tru vert det dansefest med herleg musikk frå minst fire ulike tradisjonsområde denne våren også. Alle danseglade kan sjå fram til setesdalsgangar, telespringar, hallingspringar, rørospols og tilstøytande danseformer – til musikk av toppspelemenn.
Frå Setesdal kjem kjempa Tor Hoslemo, Telemark blir representert av vestfoldingen Lars-Ingar Meyer Fjeld, dei som dansar hallingspringar, får metta si av sjølvaste Helga Myhr, og polsdansarane kan svinge seg til tonane frå felespelar Torfinn Hofstad. Kvelden er altså vigd til eminent dansespel frå store delar av landet, så det er berre å finne fram dansesko og ta turen. Riksscenen stiller som vanleg med spelemenn frå øvste hylle og kanskje landets beste dansegolv!

 

Lars Ingar Meyer Fjeld – hardingfele
Torfinn Hofstad – fele
Helga Myhr – hardingfele
Tor Hoslemo – hardingfele