I år er landslinja for folkemusikk på Vinstra vidaregåande skole og den nyskapande og revolusjonerande gammaldansgruppa Kvarts 20 år, mens Sør-Fron Spelemannslag har nådd å kome til overgangsalderen som 40-åring.Dette syntest vi var eit gedigent hyl ut i verda om ein stor fest til ære for Gudbrandsdalen, så vi tok med oss gammaldansgruppa Lendmenn og aksepterte utfordringa. Velkomen til både konsert og dansefest, der gammaldansen står i sentrum.

 

Kvelden startar med konsertar frå jubilantane frå kl. 19.00, før det blir dansefest frå kl. 21.00.

Kvarts har sidan oppstarten i 1998 hausta mykje åtgaum for musikken sin. Dei fire særs røynde musikarane har utvikla gammaldansen og teke han med seg langt utanfor menigheita, særleg gjennom samarbeidsprosjekta med musikarar frå andre sjangrar. Kvartetten har gjeve ut ni plater, noko som har resultert i to spelemannprisar og éin nominasjon i tillegg.

Øystein Rudi – fele
Jo-Asgeir Lie – trekkspel
Tom Willy Rustad – kontrabass, toradar
Erlend Styve –  gitar

Lendmenn er ei gammaldansgruppe frå Ottadalen som gjennom fleire år har etablert seg som ei av landets beste grupper innan sin sjanger. Dei har spelt gruppespelfinale på Landsfestivalen i gammaldansmusikk kvart år sidan 2010, og i 2017 toppa dei det med å vinne. Dei har også vunne gruppespelklassa på Storefjelltreffen. I 2015 gav Lendmenn ut plata "Den fyrste". Lendmenn spelar oftast musikk frå Ottadalen, men likar å krydre det med artige leikar frå andre delar av landet.

Øyvind Sandum  – Trekkspel og torader
Mads Erik Odde   – Trekkspel
Bjørn Kåre Odde – Fele og bratsj
Bjarne Odde – Bass
Steinar Odde – Gitar

Sør-Fron Spelemannslag
Sør-Fron Spelemannslag er et folkemusikkorkester fra Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Orkesteret ble stiftet i 1977 og består av rundt 30 medlemmer.