"Among the top bands in the world - stunning on every cut!" - Live Irland

OsloFOLK avsluttar sesongen med The Outside Track som består av musikarar frå Irland, Skottland og Canada. Det multinasjonale ensemblet hamstrar prisar og prisnominasjonar i slike mengder at handlekorgene til folk med joggedress i Strömstad ser måtehaldne og nøkterne ut. Bandet er i løpet av dei siste to åra blitt kåra til beste gruppe både under ”Live Irland Awards” og ”The Chicago Tradition in Review awards”, dei mottok ”German Radio Critics Award” i 2013 og vart nominerte til prisen ”Live Act of the Year” under MG Alba Scots Trad Music Awards.  Dei fem medlemmene i The Outside Track samla seg rundt kjærleiken til tradisjonell musikk og saman einast dei om å lage ny spennade musikk utan å miste tradisjonen i botnen. Kvintetten trakterer fele, fløyte, trekkspel, harpe, gitar og vokal og kopla med stepping lagar dei eit vitalt utrykk med ein energi som få gjer dei etter. Bandet har gjeve ut fire plater sidan debuten i 2007 og har turnert i dei fleste kjende kontinent sidan det.

Mairi Rankin - fele, vokal, stepping
Aoife Scott - vokal, fløyter, bohdrán
Ailie Robertson - harpe
Fiona Black - trekkspel
Cillian O´Dálaigh - gitar, vokal, stepping