13.00 Den vesle prinsen & Vegar
Forestillinga om Den Vesle Prinsen er ei vakker skildring av menneske si framferd sett gjennom auge til eit lite barn. Det er historia om ein gut som bur aleine på ein asteroide, og som i lengsel etter ekte venskap reiser ut i verda for å finne vener. På vegen møter han ulike skapnader, mellom anna ein 
​​flyger, 
drankar, ein konge og ein geograf. Til slutt kjem guten til jorda der han møter ein rev han knyter sterke band til.Teaterstykket om Den vesle prinsen, tek utgangspunkt i Antoine de Saint-Exupéry si verdskjende historie med same namn. Historia er like populær og aktuell i dag som då den kom ut for over seksti år sidan, og hovudbodskapen er like enkel som den er vakker: ein kan berre sjå rett med hjartet, det vesentlege er usynleg for auget.
​Før konserten​ skal LilleRiks-vert Vegar ta dere i mot og vise noen av triksene til flygeren.Tar dere med en lue, caps eller hatt så tror jeg vi prøver oss på å sparke ned hatten også.
 

Gro Marie Svidal - fele, skuespill
Ulf-Arne Johannessen - dans, enrader, skuespill
Tom Karlsrud - trekkspill
Sigurd Aae Klaussen - regi
Produsert av Førdefestivalen i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og SofTeater.