Väsen er Nordens største og viktigaste folkemusikktrio!
Olov Johansson og Mikael Marin har spelt saman sidan 1980 då dei var lovande og uvitande tenåringar på veg mot toppen av hierarkiet innanfor nordisk folkemusikk. På vegen til endeleg form møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstemne på Røros, og Nordens mest kjende folkemusikktrio var eit faktum. Dei har sidan oppstarten for 25 år sidan spelt på alle kontinent, i alle verdsdelar, har begeistra publikum og inspirert andre musikarar over heile verda. Dei har til og med ei gate oppkalla etter seg i USA, Väsen street, i Bloomington Indiana! Det er vel ingen grupper innan den nordiske folkemusikken som har vore i nærleiken av deira posisjon som premissleverandør til andre folkemusikarar, og sounden av Väsen er lyden av Norden i manges øyro. Den særs vitale folkemusikktrioen kom nyleg ut med ny plate, den 16. i rekkja, og den tredje liveplata bandet har slept.

Olov Johansson - nykkelharpe
Mikael Marin - viola
Roger Tallroth - gitar

Kritikarrost norsk duo frå Finland og Skottland.
Sarah-Jane Summers og Juhani Silvola gav ut ein særs kritikarrost plate i 2013, eit album som mellom anna mottok utmerkinga «Top of the World» frå det anerkjende magasinet Songlines. Duoen har musikk frå det skotske høglandet som basis, godt supplert av eigne komposisjonar og musikk frå Norden. Improvisasjon og leik er særs viktige ingrediensar i musikken deira, og det er stort spenn i musikken. Det varierast mellom det sarte og romantiske via folkemusikk godt planta innanfor uttrykket indie til eggande rytmer der dei to særs gode musikarane kan briljere med både teknikk og presisjon. Sarah-Jane er frå det skotske høglandet og har ein master i norsk folkemusikk og improvisasjon ved NMH. Juhani vart vi fyrst kjend med i gruppa Adjagas og har blitt ein særs ettertrakta gitarist som spelar med m.a. Erlend Viken Trio, Highasakite og Earlybird Stringband.

Sarah-Jane Summers - fele, hardingfele
Juhani Silvola - gitarar