Väsen
Olov Johansson og Mikael Marin har spelt saman sidan 1980, då dei var lovande og uvitande tenåringar på veg mot toppen av hierarkiet innanfor nordisk folkemusikk. På vegen til endeleg form møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstemne på Røros, og Nordens soleklart mest verdskjende folkemusikktrio var eit faktum. Dei har sidan oppstarten for over 25 år sidan spelt på alle kontinent, i alle verdsdelar, har begeistra publikum og inspirert andre musikarar over absolutt heile verda. Dei har til og med ei gate oppkalla etter seg i USA, Väsen street, i Bloomington, Indiana!
Den særs vitale folkemusikktrioen har ikkje mindre enn 16 album i kofferten sin, og me gler oss stort til å høyre dei på Riksscenen att i mai!

Olov Johansson – nøkkelharpe
Mikael Marin – viola
Roger Tallroth – gitar
 
 
Dreamers Cirkus
Dei prisbelønte musikarane i trioen Dreamers Cirkus frå Danmark starta opp samarbeidet ved å spele Mozarts 5. fiolinkonsert i A-dur med København filharmoniske orkester i 2009.
Dreamers Cirkus vekslar saumlaust mellom sjangrar i alle retningar og samarbeider med musikarar frå ei mengd uttrykk som jazz, klassisk, rock og sjølvsagt folkemusikk. Det har skaffa dei store mengder åtgaum og ein fanskare i fleire forskjellige leirar, noko som mellom anna har ført til at dei har halde konsertar på alle slags scener verda over, frå operahuset i Sydney i 2013 til Roskildefestivalen i 2015.
 

Rune Tonsgaard Sørensen – fele
Ale Carr – cittern
Nikolaj Busk – piano, trekkspel

 

Vel møtt til trio-basar med nordisk verdsklasse!