Valkyrien Allstars på Riksscenen - med spesialbygd tribune!

Valkyrien Allstars er i gang med innspelinga av ei konseptuell skive, og det vert sjølvsagt fylgt opp med to konseptuelle konsertar på ein og same kveld. Ei rund tribune på 10 meter i diameter med plass til 100 publikummarar skal riggast opp utanfor Riksscenen. Bandet tek oppstilling blant tilhøyrarane og spelar, så dette vert ein heilt spesiell, nær og intim konsertoppleving til alle som får plass. Valkyrien Allstars har etter knallhardt arbeid og hundrevis av spelejobbar vokse til å bli det største folkemusikkbandet her i landet! Dei slo i gjennom med eit brak i 2007 med sin sjølvtitulerte debutskive, som vart nominert til Spellemannsprisen og selde til platina. Etter det har det blitt fire solide studioalbum frå gruppa, som undervegs har gått frå trio via kvintett til kvartett. Den førre skiva, “Farvel slekt og venner” frå 2014 fekk strålande mottaking frå presse og publikum, og vart nominert til Spellemannsprisen i tillegg til at både VG og Dagbladet rangerte den som ein av dei beste norske utgjevingane i 2014.

Tuva Livsdatter Syvertsen - hardingfele, vokal
Erik Sollid - hardingfele, fele, bratsj, gitar, vokal
Magnus Larsen jr. - kontrabass, kor
Martin Langlie - trommer, perkusjon, kor

 
 Konsert 18.00: