Lab med Outi Markkula og Thomas Mikkola (Väkevä Collective)

Saman er dei kunstnarleg ansvarlege for det finske dansekompaniet Väkevä Collective. I tillegg er dei med i ensemblet Tahdittomat. Väkevä Collective spelte Ruija på Riksscenen våren 2016.

Oppvarming med teknisk trening og repertoar:
Her lærer me allereie innstuderte rørsler som knyter saman element frå folkedans og samtidsdans. Dette materialet har som mål å byggje opp ein dynamisk og rytmisk kropp, samtidig som ein fokuserer på flyt og tyngde. Me får òg eit innblikk i partnararbeid frå verket «Trinomia» av Tuomas Mikkola.

Improvisasjon og komposisjon:
Under denne økta vert det lagt vekt på improvisasjon, både som gruppe og individuelt. Me tek utgangspunkt i ein felles puls, til dømes henta frå polska eller kvadrilje. I tillegg får me eit innblikk i koreografiske verktøy og øvingar som instruktørane har opplevd som verknadsfulle i møte med det tradisjonelle materialet.
Avslutningsvis vert det òg drøftingar rundt finsk samtidsfolkedans, og det blir trekt samanlikningar med det norske arbeidet på feltet.  

Outi Markkula – instruktør
Tuomas Mikkola – instruktør