Når Ulla Pirttijärvi-Länsmann joikar ulven, eller gumpe som det heiter på hennar samiske dialekt, er det som du høyrer ulven ule og skjelle. Det handlar om å finne sjølve kjensla i det du skal joike, det vere seg ulven, månen eller ein person. Joik er ein av dei eldste musikalske uttrykksformene i Europa, og finst blant samar i Sverige, Norge og Finland.
Saman med to finske musikarar framfører Ulla Pirttijjärvi-Länsmann tradisjonsmusikk. Dei fortel også om kulturen dei kjem frå, og om instrumenta sine. Ulda som trioen kallar seg, står støtt i den samiske musikken, men finn også plass til både instrument og impulsar frå andre stilar og kulturar. Uttrykket er lågmælt og poetisk, men med ein sterk og inderleg nerve som fangar lyttaren inn frå første tone.
Ulla Pirttijärvi-Länsman vaks opp i finske Lappland. Joiking har ho lært seg mellom anna av mor si. Alt i 20-årsalderen gav ho ut si første plate, ei barneplate der målet var å lære born meir om samisk kultur. Plata vann ei rekkje prisar, og vart også følgd opp med ei bok. Fire plater seinare er det ingen tvil om at Ulla Pirttijärvi-Länsmann vert rekna som ein av våre største samiske utøvarar.

Ulla Pirttijärvi-Länsman - joik, perkusjon
Marko Jouste - gitar, mandolin, oud, perkusjon
Mikko Vanhasalo - bassklarinett, fløyter, perkusjon