Riksscenen nyproduksjon
11
lørdag
04
nov. 2017
Dørene åpner 1800
Konsert 1900
Billett 220/150
ARRANGEMENTET ER AVLYST

TRIO NOR

Det er duka for meisterspelemenn frå tre av dei nordiske landa når vår eigen Knut Hamre slår seg saman med Anders Bjernulf frå Sverige og månadens artist i november, Arto Järvelä frå Finland!

 

 

 

 

 

 

 

Knut Hamre (f. 1952) fra Hardanger har vunne Landskappleiken ikkje mindre enn sju gonger med m.a. kongepokal frå 1981. Han har motteke Edvard Grieg-prisen og Myllargut-prisen, Hilmar Alexandersens og Anders Kjerlands minneprisar, han har ni plateutgjevingar i ryggen, deriblant «Toneflaum» med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss. For den vann dei spelemannsprisen i 1998.
Anders Bjernulf (f. 1966) fra Rättvik i Dalarna, Sverige, vart riksspelmann i Sverige alt som 21-åring i 1987. Sidan det har Anders etablert seg som ein av Sveriges aller fremste spelemenn med sitt alderdommelege og kraftfulle uttrykk. Anders har gjeve ut seks plater, turnert verda rundt, har undervist ved Sibeliusakademiet i Helsingfors og har elles hatt ei mengd elevar på fele i Sverige.
Arto Järvelä (f. 1964) fra Hattula i Finland er omtalt i finsk folkemusikkleksikon som ein av vår tids viktigaste spelemenn. Medan han studerte på Kaustinen, grunnla han det legendariske bandet JPP i 1982. Bandet har sidan turnert over heile verda. Arto har i alt medverka på rundt 100 album over heile verda og vert ofte kalla «den mest opptekne mannen i finsk folkemusikk».

Arto Järvelä – fele
Anders Bjernulf – fele
Knut Hamre – hardingfele
 
#3747767