Irsk- greske Ross Daly er skapar av en heil sjanger! Modal samtidsmusikk vart skapt av Ross og trioen på midten av 1980 talet, med impulser og inspirasjon frå dei store, modale musikktradisjonane frå områda som strekk seg frå Nord- Afrika, gjennom det østlege Middelhavet, Transkaukasia, Sentral- Asia og vidare oppover. I tillegg er Ross utøvar av indiske, afghanske, tyrkiske og persiske musikktradisjoner, og har sitt eige institutt på Kreta der han lærer bort ulike tradisjonar og instrument. Han arbeider med skalatyper som har fleire fellestrekk med den norske tradisjonsmusikken, spelt på instrument ikkje så ulike våre eigne eldre instrument. Likevel burde dette vera eksotisk nok for dei fleste, med ei kjensle av å sitje i eit gresk landskap med kvite og blå murhus, palmer og krittkvite strender. Han og Giorgos Manolakis gjester huset for fyrste gong, medan Kelly Thoma har vore på besøk før, i samspel med vår eigen Anne Hytta.

Før konserten inviterer vi alle musikere til workshop der Ross lærer ut låter og gjer ei innføring i dei ulike tradisjonane. Eit must for musikkstudentar og alle andre interesserte!


Ross Daly - tarhu, lyra
Kelly Thoma - lyra
Giorgos Manolakis - laouto