Det er ein svak eim av kvae og brisk når trioen Blått Gådn syng om geiter, ekorn, tråe barndomsår og vedhogst. Med kombinasjonen fleirstemmig song, langeleik og indisk harmonium har lokale melodiar og vers frå Valdres, samt eige, nyskrive materiale, vorte farga blått. Dei har tydeleg henta inspirasjon frå det tradisjonelle, men her er det og dragningar mot ei melankolsk visepopverd. Trioen platedebuterte sommaren 2013, og gjestar no Oslo for fyrste gong!

Ingvild Lie - langeleik, vokal
Lars Skattebu - indisk harmonium, mandolin, song
Harald Høyvik - gitar, song