'Hyljarhildring - musikk av Hans W. Brimi'
Hans W. Brimi var ein av dei store felspelarane i si samtid. Han var gardbrukar og musikar, tradisjonsbærar og slåttekomponist. I denne konserten får vi høyre musikken hass tolka av nokre av dagens ypperste artistar. Nils Økland og Sigbjørn Apeland, Hått og Viken/Brimi blir å høyre denne kvelden. Dei har alle fått frie tøylar til å tolke Hans W. Brimi sine komposisjonar og lage dei til sine eigne.
Konserten er ein del av lanseringa av eit CD-prosjekt med musikken til Hans W. Brimi. Det vert dansespel etter konserten.

Sigbjørn Apeland - trøorgel
Nils Økland - feler

Viken/Brimi:
Aslak Brimi - fele
Erlend Viken - fele

Hått:
Per Anders Buen Garnås - hardingfele
Nils Øyvind Bergset - trekkspell
Erik Røine - gitar

 


Rett før konserten feirar FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans at dei har fått ny visuell profil. Også Landskappleiken, Landsfestivalen ogFolkemusikk.no får med dette ein ny utsjånad. Det er designbyrået Provinsen som står bak den nye visuelle profilen. Om du kjem til Riksscenen klokka 20, får du med deg både forfriskningar og nyttig informasjon om folkemusikk-Noreg.