Endeleg får vi besøk frå Quebec! Trioen De Temps Antan turnerer verda rundt, og med ein musikalsk eksplosjon av fotperkusjon, vokalharmoniar, riilar og jiggar bergtek dei publikum frå Russland til Malaysia, via Frankrike, USA og Hellas. Trioen oppstod da dei spelte i det legendariske bandet La Bottine Souriante, sidan har dei gjett ut to album, spelt over 500 konsertar og vorte nominert til L´ADISQ og Canadian Folk Music Awards.

 

Éric Beaudry - gitar, mandola, vokal

André Brunet - fele, vokal
Pierre- Luc Dupuis - torader, munnspel, vokal